Sider

torsdag 7. januar 2010

Tiddelibom



Det ser ut til at Hanna har lært seg empati, og dermed lever seg fullt og heilt inn i dei nedisa tilhøva i Noreg om dagen. Då me var på veg til butikken her om dagen, medan airconditionen i bilen kjempa med dei meir enn 30 gradene utanfor og afrikasola steika på det verste, kom det muntert frå baksetet:

Så kaldt det er, tiddelibom,
jeg kjenner det her - tiddelibom.
Jeg kjenner det på mine tær,
tiddelibom og huttemegtu

2 kommentarer:

Tante Liv sa...

Bra, Hanna! Godt å vere beredt på 40-50grader forskjel i temperaturen. Men her er det bare å kle lag på lag. Gler meg til å treffa deg!!!

Synnøve sa...

Hanna, det såg kjekt ut å bade. Skulle gjerne vært med deg på tgt(?) igjen. Glad i deg. Klem