Sider

søndag 28. mars 2010

Dei siste tider

Livet i Arusha har vore hektisk etter at me kom frå Noreg tidleg i februar.I hovudsak skuldast dette sjukdom. Nei, Inger Line er framleis ikkje gravid, men dei små ho fekk førre gong har sørga for at minst ein av oss har vore sjuk det meste av tida - og til tider alle på ein gong. Av det som har vore innomhus kan nemnast giardiaparasittar, øyrebetennelse, halsbetennelse, mage- og tarmvirus, barnemark og virus i luftvegane, i tillegg til ei rekke forkjølingar og nye tenner. Men dei siste dagane har livet vore aldeles herleg - med tre friske ungar og opplagde foreldre. Vonaleg held det fram slik endå halvannan månad til.

Exit Tanzania
Me har no einvegsbillett på fly til Noreg den 14. mai, saman med mamma og pappa Eggebø som då returnerer etter tre veker i det fagre landet. Me andre vil då ha greidd å runda ni månader i denne omgang.

Det meste har lagt seg skremmande godt til rettes før landing i Noreg denne gongen og - me har fått oss mellombels bustad medan bygginga pågår og Knut har fått seg jobb. Det einaste som manglar er ein relativt stor bil til ein overkomeleg pris og kvelds/helgejobb for Inger Line. Veit du om noko? Ta kontakt!

For siste gong - for denne gong
Inntil vidare tek me livet me ro. Hanna leikar vidare med både norske og Tanzanianske naboar, medan Andreas og Tomas har sett i gang ei rivande utvikling på snakke- og gåfronten så fort dei vart friske.

For oss vaksne er det no mykje som skal gjerast innan me reiser herifrå, både på kontoret og heimefronten. Sjølv om ei ny bok vil koma frå trykkeriet like over påske, skal nye omsetjingar setjast i gang. Og sjølv om gjestehuset no er ferdig oppussa, er det framleis mange småting som skal på plass før det er heilt hundre. Me skal pakka kring tre kubikkmeter bagasje som skal gå med konteiner frå Nairobi, i tillegg til 10 koffertar som skal sendast med folk på fly nordover. Me skal samstundes freista å nyta varmen og afrikalivet til fulle medan me framleis er her, og før me må ta til med avskjedar og alle andre slike småtriste «for-siste-gong-på-ei-god-stund»-ting.

Peri tek knekken på avocadotreet vårt, medan Hanna er i full gang med tønne-pakking.


Life must go on
Ikkje minst skal me freista å leggja alt best mogleg til rettes for dei som skal ta over etter oss. Det ser nemleg ut som om me får særs dugelege erstattarar, så akkurat den saka tek me med knusande ro. Dei gode naboane våre i familien Malmin blir også verande endå eit år, i tillegg til den trufaste nasjonale staben med Joakim og Melania i spissen.

Ingen kommentarer: