Sider

tirsdag 13. april 2010

Me treng di hjelp - no!

Det er ikkje ofte me har spurt deg om hjelp på denne måten, men i dag ser me at det er heilt naudsynt.

På veg heim frå bibelskulesamling i Pokot i nordvest-Kenya på sundag, vart bilen frå Arusha utsett for ei kraftig trafikkulukke. I bilen sat fire tilsette ved bibelskulen på Wa'ama og vår eigen Per Ove "Peri" Malmin.

I nærleiken av byen Kisii i Kenya skulle dei passera ein traktor, men traktoren la seg plutseleg over i feil felt og pressa Landcruiseren ut av vegen. Bilen rulla rundt to gonger og landa på taket. Alle fem i bilen blei frakta til sjukehus i Kisii for natta, og så vidare til Nairobi i går.

Verst gjekk det ut over rektor Zakaria Dalleli, som har fått alvorlege hovudskadar. Han har fleire brot på skallen, og det er framleis uvisst korleis behovet er for operasjon. Synet hans er også råka.

Zakaria er 44 år, har kone og tre born. Han vert skildra som "ein enorm ressurs" ved bibelskulen på Wa'ama. Han sit i midten på biletet under.

Zakaria ligg no på eit godt, men dyrt sjukehus i Nairobi. Ettersom rektoren og familien hans sjølv ikkje har pengar til å dekkja sjukehuset, og det er avgrensa kva misjonen kan gjera i slike tilfelle, må dei som i dag er med han på sjukehuset ta mange harde val. Det er behov for fleire spesialistvurderingar - som alle kostar mykje pengar - og desse vurderingane vil avgjere om det er behov for operasjon, som igjen vil kosta mykje meir. Sjølv utan operasjon vil denne behandlinga vera langt utanfor familien si økonomiske bæreevne.

Det er difor me spør deg om hjelp. Først og fremst kan du be for rektor Zakaria. Men du kan også gi pengar til Scripture Mission sitt norske kontonummer 8220 02 91146 og merka betalinga "car accident". Dersom du set inn pengar, er det fint om du samstundes gi oss beskjed om det, slik at me så fort som mogeleg veit kva behandling me har råd til å gi Zakaria.

Me har ikkje oversikt over kor mykje det vil kosta nett no, men kan koma attende til det seinare.

Denne innsamlinga er ikkje i regi av NLM eller Scripture Mission, men skjer i forståing med både regionsstyret sin formann og stadleg representant i Aust-Afrika regionen.

23 kommentarer:

Anonym sa...

Dagens bibelvers på mobilen min var Heb. 13,16: Men glem ikke å gjøre godt og dele med andre. For slike offer er til behag for Gud.

Eg har sett inn 500 kroner og eg er med og ber !

Brit Lise sa...

Poleni sana! Tenker på dere og ber for de skadde. Har overført kr 500.

Ragnhild Feed sa...

Fikk også dagens bibelvers fra Heb.13,16. Har satt inn 500 kr. Vi ber for de skadde og familiene deres.

Reier sa...

Mange takk til dei av dykk som er med og hjelper rektor Zakaria. Det er fantastisk! Siste nytt: Han er framleis på intensiven. Med meldingar om hjelp frå Noreg gjer ein no det ein kan for å redda synet hans og stoppa indre blødningar - sjølv om det er dyrt. Utgiftene så langt har passert 30.000 NOK, men blir fort mykje meir om det må opererast.

Sigrun sa...

Kjære dere i Arusha,
Jeg tenker på dere og håper inderlig det vil gå bra med de som var med i bilulykken. Har nettopp satt inn kr. 1000.- på konto:
8220 02 91146.
Vennlig h ilsen Sigrun Bjelland

Britt Jorun sa...

Jeg har satt inn 500 kr, har snakket med mamma og pappa, de skal sette inn 1000 kr. Med mulighet for mer.... Hvor mye har det kommmet inn så langt?

Reier sa...

Nevrokirurg er no kopla inn for å overvåke synsnervene. Stabil tilstand. Framleis vurderer ein operasjon, fordi blodet presser på synsnervene.

Anonym sa...

Har satt inn 1000kr.
Måtte Gud holde sin hånd over situasjonen

Reier sa...

Zakaria virkar no meir klar enn tidlegare. Framgang!

Anonym sa...

Har satt inn 1000 kroner. Magnus

Ragnhild sa...

Slang inn ein 500'ings e au ;)

Kristin og David Lilleheim sa...

1000,- fra oss

Anonym sa...

1.000,-

Anonym sa...

Hei, satt inn 500. Takker deg Far at du er Jehovah Rapha - herren vår lege. Takk at du som reiste opp Jesus fra de døde er mektig til å helbrede, takk at du trøster familie og venner, og at du kan snu denne situasjonen til noe godt. I Jesu navn.

Anonym sa...

vi vil gjerne være med å bidra til at Zakaria kan få den behandlingen han trenger, så vi setter inn kr 1000 fra Hans Fredrik og Eldbjørg Grøvan og 500kr fra Ingrid Grøvan.

Hallvard sa...

1000,-

Anonym sa...

500,- fra oss!

june sa...

1000,-

Anonym sa...

Håper alt ting ordner seg..
Satte inn 1000 kroner i går.

Anonym sa...

Er med i bonn, satt in 200 kr

Anonym sa...

Flott å høre at det ser ut som det går bra med ham. 1000 kr fra meg.

Anonym sa...

2000 kroner overført.

Anonym sa...

Overfører 500 i morgen tidlig (15.04)