Sider

fredag 11. juni 2010

Då nyra forsvann

Tomas har no vore på Rikshospitalet i Oslo nesten ei heil veke.

Opphaldet har vore planlagd ei stund, og føremålet har vore å fjerne den eine av dei tre nyrene hans som fungerer særs dårleg. Me vonar no at han skal få eit litt lågare blodtrykk og at faren for infeksjonar skal vera minimal.

På biletet til venstre ser du småen på veg inn i ein av dei svære maskinane som vart brukt til undersøkjingar i forkant av operasjonen. Tomas tok det heile med stor ro - og sovna medan dei heile stod på.


Mamma på veg ut frå operasjonsstova torsdag, etter å ha avlevert Tomas i kirurgane sine hender. Der var han i kring fire og ein halv time, og alt gjekk etter planen.

Inngrepet skjedde med lapraskopi, også kalla kikkhullskirurgi, noko som vil seie at legane opererte gjennom to små hol i buken. Nyra vart teken ut gjennom navlen!


Her er Tomas like etter operasjonen, framleis utslått av narkosen. Du ser plasteret etter eit av "operasjonshola" like over dynekanten.

No, eit drygt døger etterpå, er han langt kvikkare, sjølv om han framleis er sengeliggjande og har eindel vondt. Vonaleg kjem det seg mykje i løpet av dei neste dagane.

Kor lenge han må bli verande på Rikshospitalet er framleis uvisst, men han kan truleg returnera til Rogaland tysdag eller onsdag neste veke.

3 kommentarer:

kari sa...

God bedring, Tomas!

Kristin W M sa...

Gode lille Tomas... så godt at alt har gått bra. Her i Arusha har både hushjelper og stasjonssjef Joakim mfl bedt for deg. God bedring og god klem fra David pluss resten av gjengen

Synnøve sa...

Amen! Så bra at alt gikk bra. Tenker på deg, lille venn. Gleder meg til du kommer tilbake til stavanger!