Sider

fredag 24. mars 2006

Den rette enden av bananen


Inspirert av stort engasjement i Knekkebrød-saken, går eg no laus på ein ny «korleis-ete-maten-på-rett-måte»- sak. I dag: Banan og pære.

BANAN: Her er svaret sjølvsagt. Ein bør byrje på den buttaste enden - altså ikkje den enden der det stikk ein lang, tynn ting ut. Dersom du brekk skalet av i tynne-ting-enden, endar det berre med bananmos på innsida.

PÆRE: Her er svaret meir usikkert. Bør ein byrje i den tjukke enden eller den tynne? Eller midt på (slik ein bør gjere når ein et kylling (eller forresten; korleis bør ein ete kylling?)) Eg held ein knapp på siste alternativ.

8 kommentarer:

Anonym sa...

BANAN: Neineinei - man byrjer sjølvsagt i den tynne enden avdi man her lettast får brote opp banana utan å lage gørr (om ho er sånn passe ferm og fersk då).

PÆRE: Midt på funker greit, så kan ein gnaga seg rundt medan ein har begge endar av pæra å stø seg på. Kanskje det er annleis om ein et heile saken (m/kjerne) - då er det kanskje greiast å jobba seg mot stilken!?

Anonym sa...

Hmmm... Eg ser at fruktdebatten ikkje vekkjer vidare stort engasjement. Ligg ikkje dette temaet nært nok til hjartene våre?

Anonym sa...

Jeg må si meg uenig med Jo, og helt enig med deg reier! Jeg var tidligere fan av å åpne på den "tynne enden", men har nå blitt omvendt til å åpne den på den riktige enden; altså der hvor stilken ikke er. Det er mye mer praktisk og bananen blir ikke most!

Anonym sa...

Toska, du er ein mann av min smak og med mine smakar! Det er litt skremmande å vite at det finst nokon der ute som er så samde med meg.

Anonym sa...

Huff, for en verden!

Anonym sa...

Ej sei mej heilt enig med Jo! Kunne ikkje sagt det bedre sjøl.

Anonym sa...

Forresten; kva er opp og ned på ein banan? Nokon som veit?

Anonym sa...

Denne diskusjonen vakte definitivt mindre reaksjonar enn eg hadde venta. Bananar og eple vekkjer visst ikkje kjenslene hjå folk på same måten som eg hadde trudd.