Sider

onsdag 18. april 2007

Ein utdøande rase?


Her om dagen var eg til stades på eit ganske normalt bedehusmøte på Gilja. Årsaken til at eg avla ein så sjeldan visitt til dalen langt der inne i dalstroka innanfor, var at to damer skulle syngja. Gunn og Gerd Olaug er ganske vanlege damer, men slike bedehus-duoar har likevel blitt svært så sjeldne dei siste åra. Snart er det kanskje berre Marit og Irene att?

Spørsmålet mitt er: Kjem me til å sakna bedehus-duoane når dei ein dag plutseleg er vekke? Eller har me rett og slett ikkje bruk for dei lenger? (I staden ser det ut til at Facebook-duetten skal ta over.) I alle høve: Les reportasjen i misjonsbladet Utsyn om nokre veker.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Eg ser for meg at ein blir ein sånn ein om noen år....

Anonym sa...

Takk og lov! Kven skal du syngja saman med?

Anonym sa...

Eg og DU ska bli sånne snart! Glede meg kjempemøje. Har allerede tersen klar. Smask

Anonym sa...

Haha! Fantastisk Facebook-song!;) Så lenge det fins sånne duettar på youtube, så skal eg fint klare meg utan bedehus-duoane. Eg kan jo fortsatt synge "Han er min sang og min glede" med bedehus-andrestemma saman med ei søster, så eg seier meg fornøgd med det.

Anonym sa...

Om d blir fam. turne med slike sånger, så vær snill å legg ut turneliste då ;o)
Interessant, sjølv om eg har mine tvil om at duetten kjem så langt nord i landet på turne

Anonym sa...

Orsak at eg må skuffa deg: Turneen kjem kun til å vitja små og mellomstore landsbyar i Nord-Tanzania dei neste fire åra...

Anonym sa...

Okay!
D er no så enormt populært å gje ut cd, kanskje d vore noko... Nettsalg til dømes...
Eg meine, for me som fortsatt veljer å bu i Noreg ;o)
Sjangeren er utdøyande å d er trist :o( Nokon må ta ansvar for å bevara slike kulturelle skattar, kanskje er d deg?