Sider

søndag 9. desember 2007

Subira sin store dag


I går var me bedne i konfirmasjon til nabojenta vår, Subira Ami. Ei stor ære! Det var ikkje heilt ulikt ei norsk konfirmasjonsfeiring, i alle fall dersom du ser vekk frå den fire timar lange gudstenesta, den overdådige finstasen til jente-konfirmantane og mangelen på kaker. Kjekt var det uansett.

Apropos kaker; Inger Line hadde baka kaka for dagen - sjokoladekake med krem, på bestilling frå konfirmanten sjølv. Vart ikkje store beten per gjest, men du all verda så god den kaka var!

Subira er ei super jente - ho er søt, dugande flink på skulen, og dessutan god i fotball. På toppen av det heile snakkar ho rogalandsk. Blir sikkert eit godt koneemne på sikt, berre synd at ho er litt for gammal for nevøane mine. Men ho har eit par systrer i deira alder ...


7 kommentarer:

Anonym sa...

Spanande dette med systrene! Kor gamle er dei?
Skulle forresten hatt adressa dykkar der nede i arushaland. Finn han sikkert om eg leitar, men det gidd eg ikkje. Sender du på sms eller ringer? Julekortet er skrive, men det må fram og.. helsing hk.

Anonym sa...

Systrene er 5 og 7. Perfekt, vil eg tru. Vår adresse er:
P.O. Box 2696
Arusha
Tanzania

Men me har allereie fått julekort frå Langevåg...?

Anonym sa...

Glimrende! Trenger ikke bruke penger på porto til det kortet da. Oppfordrer alle andre til å skrive noe koselig til de kjære soldatene våre i Afrika!
Hvor lang tid tar postgangen?
Får dere noe post nå lenger, når folk har glemt at dere fins?
O A var forresten på gråten da L'pool tapte for MU. ...men han holdt seg.
Men du - tilbake til det jeg rota med på Arushanytt i går natt. Er ikke denne sida egentlig lagt ned? Eller skulle vært? Var det ikke liksom meningen at redaktøren av Arushanytt skulle ta seg av all skrivingen slik at reiereier skulle få slappe av litt?
hk

Anonym sa...

Anar ikkje kor lenge eit brev treng - ei vekes tid, kanskje? Du har for øvrig heilt rett i at dette eigentleg ikkje er bloggen vår. Men eg tenkte det ville vera morosamt å sjå kor mange som framleis var inne og sjekka denne sida, og ville dermed kopiera eit par saker over hit frå www.arushanytt.com. Forsøket har gitt spanande resultat. Likevel trur eg ikkje blir meir blogging her på ei stund - i alle fall ikkje før i 2011.

Anonym sa...

OK. To dagar igjen til juleferie. Skal bli godt!

Anonym sa...

Kjersti liker blogging på blogger!
God Jul

Anonym sa...

åååå, tenk å være konfirmant og ha prinsesse kjole, i stedet for å ha en prstekappe på...hmm, prestekappen skulte hvertfall alle skrokkene på bunaden, etter man hadde hoppet på trampoline på konfirmasjonen... hmm...man skal gjøre mye..