Trur du ikkje kona mi har reist frå meg, og teke med seg dotter mi i same slengen? Dei reiste allerede måndags kvelden. Så no sit eg her åleine, langt heimefrå, milevis frå kone og dotter, og freistar å trøyste meg sjølv med eit par kilo norsk sjokolade og nokre liter med iskald cola.Det har seg slik at Inger Line har vore voldsomt trøytt og kvalmen den siste månaden, slik som berre ei gravid kvinne kan vere det. Ho klarte ikkje å halde på noko av det ho sette til livs. Så ho måtte kome seg heim til den trygge barndomsheimen, til norsk mat og med anledning til nokre turar til Universitetssjukehuset for intravenøs mating.
Der fekk ho også vore på kontroll, som førte til at ein oppdaga at det ikkje berre var EIN krabat som laga kvalm for oss, men TO. Så på seinsommaren blir me trebarnsforeldre, dersom alt går godt. Folksomt, med andre ord.
Men førebels sit eg her. Åleine.
PS: Postadressa er framleis P.O.Box 2696, Arusha, Tanzania
10 kommentarer:
Gratulerer Knut!!!!!!!! Så kult at du ska bli mangebarnspappa!!!
Legg bort sjokoladen og colaen! Få heller i deg noko "sunn"mat" . Du må førebu deg til å bli ein "sterk mann" i framtida!
Du har i alle fall tid te å senda meldinger med omtanke te meg - takk!
Takk for helsingar og omtanke. Tante Liv: Det er liksom ikkje same trøysta med gulerøtter og salat... Men du kan kanskje senda ein pakke til meg i posten med det mest nødvendige..
Hei du! For meg ser det ut som om du prøver å ta meg igjen ved bruk av skitne triks! To om gangen da gitt! Du får holde deg til de foreskrevne ni månedene per stk heretter gitt!
Tuller. Gratulerer! Håper alt går godt.
Gratulera ja!!
Hei. Det går unna med dokke ja. Siste nytt når det gjeld familieforøkelse i Peru er 8 høner.
Hei Knut. Nå har eg nettopp hatt besøk av jentene dine (og to til som er uvisst om er jenter eller gutter eller begge deler:)) Utrolig kjekt å se de, og være med dem. Hanna er jo like flott som før. Skal passe godt på de..Kos deg så godt du kan i mellom tiden. Gratulerer med forøkelsen forresten;)
Lenge siden sist Knut!!Gratulerer med at du skal bli tvillingpappa,kult!!Eg vart tvillingmor i oktober til 2 flotte gutar, så no har eg fire guter frå 6 mnd-5 år!De har mykje å glede dykk til,tvillingar er stor stas!!Håpar alt går bra!!
Hei Oddny! Lenge sidan. Det skal vera visst at me gler oss til tvillingane kjem, men det anar meg at det blir travelt også. Heldigvis skal me bu i Afrika, og har dermed anledning til å hyra inn både ei og to barnepiker for å hjelpa oss....
Legg inn en kommentar