Sider

onsdag 2. juni 2010

Noreg - eit travelt land


Familien Indrebø er altså på plass i Noreg att, og denne gongen ser det ut til å kunna bli for ei god stund. Dei siste vekene i Arusha gjekk fort, med pakking, avskjedar og ei siste vitjing frå Noreg. Då vart det også høve til å ta ein rundtur nedom Mbulu, og bilete frå den turen finn du no i fotoalbumet vårt.

No skal me ikkje attende til det fagre landet i sør i alle fall dei første fire åra. I mellomtida kan du fylgja med på det som skjer i Arusha både på bloggen til Familien Malmin og på www.scripture-mission.com. No er det også klart kven det er som tek over stafettpinnen etter oss: Margunn og Kristoffer Krohn Sævre har sagt ja til å vera NLM sine utsendingar til Arusha dei neste fire åra. Betre folk til den oppgåva trur eg knapt ein kunne finna.


Sjølv om me allereie har vore to og ei halv veke i fedrelandet, har ikkje det store saknet etter Afrika meldt seg førebels. Slikt er det nemleg ikkje tid til. For det første har me ikkje med oss korkje barnepike eller hushjelp hit til Europa, og med eitt ser me tydeleg kor mykje dei har avlasta oss dei siste månadene. For det andre har det vore mykje som skulle ordnast; ny bil, planlegging av husbygging, folk som skal sjåast, diverse innkjøp og utpakking. Det er liksom heile tida noko som skal gjerast. Alltid nokon som me burde helst på. Eit eller anna selskap. Ein eller annan sjuk unge.

Apropos det siste, har me no omsider fått tid til operasjon for minstemann Tomas. Neste veke ber det til hovudstaden og Rikshospitalet for han og oss to eldste, og dei av dykk som ber, må gjerne hugsa særskilt på han onsdag og torsdag den veka.

De vil nok finna ei oppdatering her på bloggen i etterkant av det. Men deretter spørs det nok om ikkje denne bloggen blir nedlagt. Eller i alle fall sett på vent nokre år.

1 kommentar:

renate og kjetil sa...

kjekt å lesa at dokk har det godt der hjemma!!=) ser for meg at tiå fyker av gårde..
Masse lykke til med operasjonen og alt det!! Me ska huska på dokk!! sette pris på oppdatering!! Dokk må forresten ikkje tenka på å legga ner bloggen.. hallo?! ka me oss her ute som vil følge med dokk?=)